Bokmelding: «What is a border?»

Bokmelding: «What is a border?»

Manlio Graziano
What is a border?
Stanford University Press, 2018

What is a border? er ei bok som ikkje svarar heilt på det den spør om i tittelen, i alle fall ikkje på klår og tydeleg måte. Tematikken – grenser – er tydeleg gjennom heile boka, men det som blir drøfta og forklart er meir internasjonal geopolitikk, som utviding av statar og korleis nokre statar ser si eiga grense. Kva forfattaren legg i «border/s» forblir noko uklårt gjennom heile boka, noko som ikkje er heilt heldig med tanke på tittelen.

Hovudstrukturen i boka er tre-delt: Den går gjennom ei kort historie om grenser før ein diskuterer kva makt stad har (power of place) og grenser i utvikling. Kvart kapittel har forklarande underoverskrifter. Strukturen kjennest somme tider noko tilfeldig ut og ikkje alltid naturleg, noko som gjev eit noko rotete preg på innhaldet. 

Det er nokre perspektiv forfattaren dreg fram som er interessante, og han er innom dei fleste tematikkar innanfor grenser og grensestudium, men ein del burde blitt følgd opp og forklart litt betre. Spesielt gjeld dette ein del påstandar som berre forblir påstandar utan eit godt grunnlag. Han skriv mellom anna at «The fluidity of borders in the Middle East is directly propotional to their artificial character», noko som ikkje blir forklart særleg bra og framstår som spekulativt tomprat (Korleis ein skal måle dette?). Eit anna døme er underkapittelet «6 The Last Frontier» (s. 76–79), der det står at «the world's first artificial borders» var etablert av spanjolane i Amerika på 1500-talet. Denne påstanden kjem utan ei god forklaring til kva som eigentleg er meint med dei første kunstige grensene. Alle grenser er kunstige, so kva kriterium som ligg til grunn for dei første kunstige grensene er, står uforklart. 

Forfattaren trekk òg fram nokre forskarar med velkjend kontrovers knytt til teoriane deira, spesielt då Huntington si Clash of Civilizations, utan at dette blir skikkeleg adressert i teksten. Ein stad (s. 75) blir det konkludert med at den farlegaste grensa i verda i dag er i/på havet, noko som blir basert på ein spådom i Huntington si bok om global krig på grunn av nokre øygrupper utanfor Kina som visstnok er meir reell i dag enn i 1996. Det blir ståande i lufta utan ei god oppfølgjing om maritime grenser og forblir mest spekulasjonar om Kina og internasjonal politikk. 

Boka er til sjuande og sist heilt grei, men litt for flyktig og rotete til å vere ei god introduksjonsbok. Skal du først lese ei introduksjonsbok om grenser, vil eg heller tilråde Borders: A Very Short Introduction av Alexander C. Diener og Joshua Hagen. Den har ein betre struktur og forklarar konseptet – og problema kring det – tydelegare.

Føredrag: Jordan i Midtausten

Føredrag: Jordan i Midtausten

Lite nyttig saudisk frimerke

Lite nyttig saudisk frimerke