Irak frå monarki til republikk over natta

Irak frå monarki til republikk over natta

I løpet av nokre få timar grytidleg ein måndags morgon i 1958 gjekk Irak frå eit vestvenleg monarki til ein del mindre vestvenleg innstilt republikk. Det blodige statskuppet endra Irak over natta.

Framsida på Verdens Gang måndag 14. juli 1958. Biletet viser statsminister Nuri al-Said.

Framsida på Verdens Gang måndag 14. juli 1958. Biletet viser statsminister Nuri al-Said.

Natt til 14. juli 1958 tok ei gruppe offiserar makta i Irak i eit blodig statskupp. Statskuppet, leia av brigader Abd al-Karim Qasim og oberst Abd al-Salam Arif, sette ein endeleg sluttstrek for det hashemiiske kongedømet i Irak som Storbritannia hadde oppretta i 1921. Monarkiet i Irak overlevde berre i 37 år, 26 av desse som formelt sjølvstendige. Den svenske Irak-historikaren Johan Franzén meiner i Pride and Power: A Modern History of Iraq (2021) at Irak var ein vaklevoren stat med grunnleggande svakheiter heilt frå starten av, og at monarkiet til slutt ramla saman som følgje av årevis med folkeleg misnøye, massedemonstrasjonar og den langvarige utfordringa med eit politisert militære.

Kommunistavisa Friheten hadde 14. juli 1958 var meir venleg innstilt til statskuppet enn mange andre, noko òg Dagbladet var på leiarplass. Det irakiske kommunistpartiet ville få mykje innverknad i Irak dei neste åra.

Kommunistavisa Friheten hadde 14. juli 1958 var meir venleg innstilt til statskuppet enn mange andre, noko òg Dagbladet var på leiarplass. Det irakiske kommunistpartiet ville få mykje innverknad i Irak dei neste åra.

Den sameinte arabiske republikk, unionen mellom Egypt og Syria, blir oppretta 1. februar 1958 og Nasser blir erklært president. Det skulle vise seg at Egypt og Nasser var for dominerande, og unionen ramla saman tre år seinare. Frå Bergens Tidende, 1…

Den sameinte arabiske republikk, unionen mellom Egypt og Syria, blir oppretta 1. februar 1958 og Nasser blir erklært president. Det skulle vise seg at Egypt og Nasser var for dominerande, og unionen ramla saman tre år seinare. Frå Bergens Tidende, 1. februar 1958

Bak kuppet stod ei samling av misnøgde element i hæren. Dei kalla seg dei «frie offiserar» og var direkte inspirerte av den karismatiske Gamal Abdul Nasser og statskuppet hans i Egypt i 1952. Misnøya med styresmaktene i Irak var mykje grunna Irak sitt medlemskap i Bagdadpakta i 1955 (ein regional forsvarsavtale for å hindre sovjetiske framstøt i Midtausten), Suez-krisa i 1956 og det at Irak nokre månadar tidlegare hadde inngått ein union med det andre hashemiiske kongedømet Jordan. Kong Hussein av Jordan og kong Feisal II av Irak var tremenningar og omlag jamgamle. Unionen mellom Irak og Jordan den 14. februar 1958 var eit direkte svar på unionen mellom Egypt og Syria, som hadde vorte oppretta to veker før. Grunna statskuppet i Irak nøyaktig fem månader seinare, vart Den arabiske union (eller føderasjon), som den vart kalla, difor noko kortlevd.

Drammens Tidende rydda heile framsida si 17. juli 1958 til midtaustennyhende.

Drammens Tidende rydda heile framsida si 17. juli 1958 til midtaustennyhende.

Denne irakisk-jordanske unionen gav kuppmakarane eit høve til å gjennomføre planane sine. Irakiske styrkar skulle til Jordan i samband med unionen, og nokre av desse skulle nær hovudstaden Bagdad. Natt til 14. juli slo dei til, og i løpet av nokre få timar tok militære styrkar kontroll over viktige nøkkelpunkt, som radiostasjonen, det kongelege palasset og huset til statsminister Nuri al-Said. Statsministeren sjølv slapp unna i første omgang.

Visstnok eit bilete av Abd al-Salam Arif som les opp «Proklamasjon nr. 1» (Foto: Wikipedia)

Visstnok eit bilete av Abd al-Salam Arif som les opp «Proklamasjon nr. 1» (Foto: Wikipedia)

Halv sju på morgonen las kuppmakar Abd al-Salam Arif opp «Proklamasjon nr. 1» over radioen, der han forkynte at monarkiet no hadde blitt ein republikk. Det viste seg raskt at kuppet var vellukka. Den palestinske marxistiske historikaren Hanna Batatu skreiv om hendinga i sin murstein av ei historiebok The Old Social Classes and the Revolutionary Movements of Iraq: A Study of Iraq’s Old Landed and Commercial Classes and of its Communists, Ba‘thists and Free Officers* i 1978:

Within hours of this announcement, the will of the revolution prevailed everywhere. [...] The monarchy had come to an end. A few rounds of shelling had sufficed to shake it down. Except for the feeble resistance of the guard at Nūrī’s house, not a hand had been lifted in its defense.
— Hanna Batatu, 1978 (side 803)
Rogalands Avis med kart over «Det nye eksplosjonssentret i Midt-Østen» den 15. juli 1958. Merkeleg nok er det Syria som er skravert her, sjølv om landet ikkje var særleg mykje til sentrum i dei dagar i forhold til nabolanda.

Rogalands Avis med kart over «Det nye eksplosjonssentret i Midt-Østen» den 15. juli 1958. Merkeleg nok er det Syria som er skravert her, sjølv om landet ikkje var særleg mykje til sentrum i dei dagar i forhold til nabolanda.

Statskuppet var planlagt i lang tid, men ifølgje historikaren Phebe Marr i A Modern History of Iraq (2004) var det meir takka vere lukke og djervskap at revolusjonen vart vellukka, framfor god organisering og planlegging. Kuppet møtte lite motstand, men Marr argumenterer for at det heile kunne vorte stogga dersom den kongelege elitebrigaden hadde ytt motstand. Kronprins Abd al-Ilah gav derimot ordre om ingen motstand og dimed var slaget tapt. I Bagdad strøymde folk ut i gatene for å støtte kuppet, kanskje so mange som hundre tusen var ute i gatene. Det var òg store folkemassar ute i andre byar. Det var desse store folkemassane, ifølgje Marr, som tok motet frå kronprinsen som trudde det heile var over og vart rådvill.

Kronprins Abd al-Ilah (1913–1958) (Foto: Wikipedia)

Kronprins Abd al-Ilah (1913–1958) (Foto: Wikipedia)

Kuppet viste seg fort å bli blodig. Den unge kong Feisal II og resten av kongefamilien vart drepne, og fleire andre, mellom anna statsminister Nuri al-Said, vart slått i hel. I 1958 var al-Said statsminister for fjortande gong, og han hadde vore ein sentral del av staten på eit eller anna vis sidan opprettinga i 1921. Lika av al-Said og den forhatte kronprinsen Abd al-Ilah, Feisal II sin grandonkel, vart brutalt skamfare, dratt gjennom gatene i Bagdad, hengt opp og brent. Abd al-Ilah, som òg hadde vore regent i Irak fram til 1953, var forresten son til Ali bin Husayn, eldre bror av første kongane av Jordan og Irak og som sjølv hadde vore konge av Hijaz i ein kort periode, 1924–1925. (Ein kan lese meir om Ali og slekta her: «Kven var eks-kong Ali?») I kva grad det var planlagd å drepe kongefamilien er framleis noko uvisst.

Den bergenske utanriksjournalisten Albert Henrik Mohn, som i dei dagar gav ut ei politisk reisebok i året, skreiv i boka Arabiske korsveier: fra Algerie til Kuweit (1959) at «14. juli 1958 ble de lange knivers dag i Baghdad», og haldt fram:

Selve kupet tok bare noen timer, og dagen etter ble Nuri-es-Said gjenkjent, til tross for at han hadde forkledd seg som en kone, og slått i hjel på stedet. Dermed var der ingen som kunne lede en motaksjon. Slik falt det som mange eksperter hadde kalt Vestens beste bastion i Midt-Østen.

I kjølvatnet av statskuppet skjedde mykje, og det skjedde fort. Britane såg ikkje kuppet kome, og fekk mellom anna ambassaden sin brent ned. Vesten mista over natta eit av dei viktigaste landa i Midtausten når det gjaldt å halde regionen på si side i Den kalde krigen. På leiarplass 15. juli 1958, skreiv Dagbladet at det såg ut til at kuppet hadde lukkast, og at det ikkje vart godt mottatt av politiske leiarar i Vesten:

Dermed er det alarm i alle vestlige hovedsteder, Sikkherhetsrådet trer sammen i dag, militære stridskrefter trer i beredskap, og den diplomatiske aktiviteten har ikke vært mer intens siden Suez-aksjonen høsten 1956.

Dette burde snarere glede Vesten og ikke sjokkere.
— Dagbladet, 15. juli 1958

Dagbladet var på leiarplass ikkje særleg negative til kuppet, til liks med NKP-avisa Friheten, spesielt sidan dei hadde lite godt å seie om det gamle regimet. Monarkiet var eit styre, ifølgje leiaren, som «opprettholdt det gamle feudalsystemet, det var delvis korrupt og langt på vei ganske hardt diktatorisk». Politiske parti hadde òg vore forbode sidan 1954. At arabarane heller ville styre seg sjølv var positivt, meinte avisa:

Det er gjentatt og gjentatt gang på gang at det de arabiske nasjonalistene vil, er ikke kommunisme. Muhammedanere blir sjelden kommunister. Araberne vil styre seg selv etter moderne demokratiske prinsipper så langt det er mulig. De vil være nøytrale og ikke slutte seg til noen blokk så langt de kan unngå det. Det er slike krefter som når har seiret i Irak – offiserene har gått i spissen for den alt overveiende del av befolkningen. Dette burde snarere glede Vesten og ikke sjokkere. […]

Alle visste at kupet i Irak måtte komme. Revolusjonskreftene har vært i sving i årevis, men vestmaktene har støttet det regimet som knuste opposisjonen. Hverken Irak, araberne eller oljen behøver å være tapt med dette.

Overskrift i Rogalands Avis, 15. juli 1958

Overskrift i Rogalands Avis, 15. juli 1958

Amerikanarane las ikkje Dagbladet og sendte inn styrkar i Libanon for å sikre styret der allereie dagen etterpå 15. juli i ein operasjon dei kalla «Blå flaggermus». I Libanon var det allereie mykje politisk uro og aukande spenning. Då amerikanarane sendte inn styrkar i juli, hadde det allereie i ein månad vore observasjonsstyrkar frå FN i landet, UNOGIL (United Nations Observer Group in Lebanon). Desse var leia av norske generalmajoren Odd Bull, som hadde fått oppdraget brått i fanget. Lite visste han om landet, og hadde brukt eit leksikon på å lese seg opp om det «av alle krefter» før han drog, ifølgje eit intervju med Morgenbladet i 13. juni. Observatørgruppa vart verande i Libanon til desember 1958, eit par månadar etter at amerikanarane hadde trekt seg ut.

FØR: Odd Bull innrømmer at han måtte lese seg opp på Libanon før han drog ned for å leie UNOGIL. Oppdraget hadde han fått dagen før dette intervjuet i Morgenbladet, 13. juni 1958.

FØR: Odd Bull innrømmer at han måtte lese seg opp på Libanon før han drog ned for å leie UNOGIL. Oppdraget hadde han fått dagen før dette intervjuet i Morgenbladet, 13. juni 1958.

ETTER: Odd Bull, intervjua etter heimkomsten, i Aftenposten, 23. desember 1958

ETTER: Odd Bull, intervjua etter heimkomsten, i Aftenposten, 23. desember 1958

Framsida på Finnmarken, 16. juli 1958

Framsida på Finnmarken, 16. juli 1958

Britane sendte like etter fallskjermstyrkar til Jordan for å sikre styret der. Det var stor frykt for kupp i Jordan. Året før hadde det vore eit mislukka kuppforsøk der og i 1958 hadde det vorte lagt planar om eit nytt i samband med det i Irak. Kong Hussein av Jordan ba britane om hjelp 16. juli, og etter litt om og men bestemte britane seg natt til 17. juli og sendte inn fallskjermstyrkar for å sikre styret der kort tid etter.

Amerianske og britiske styrkar til Libanon og Jordan i dagane etter kuppet. Drammens Tidende, 17. juli 1958

Amerianske og britiske styrkar til Libanon og Jordan i dagane etter kuppet. Drammens Tidende, 17. juli 1958

Vestmaktene vurderte òg å invadere Irak, og spesielt Tyrkia var svært nær å sende styrkar inn i nord-Irak. Det likevel endte opp med at ein anerkjende det nye styret i Irak. Sjølv Storbritannia anerkjende det so tidleg om 1. august.

Statskuppet i 1958 er òg kjend som 14. juli-revolusjonen. Kuppet var eit tydleg brot med fortida og innleia ei ny tid for Irak. Britisk påverknad forsvann saman med statssystemet. Ifølgje Johan Franzén opna det seg ein ny politisk realitet i Irak der ymse politiske grupperingar prøvde å overby kvarandre med politisk radikalisme. Midt i stormen fann ein nasseristar, ba‘thistar, kommunistar, og kurdiske nasjonalistar.

Abd al-Karim Qasim (1914–1963) (Foto: Wikipedia)

Abd al-Karim Qasim (1914–1963) (Foto: Wikipedia)

Det var den rimeleg ukjende Abd al-Karim Qasim som tok makta i Irak etter statskuppet. Han kom frå ein urban og fattig arbeiderbakgrunn i Bagdad, der faren var sunniarabar og mora sjia. Han hadde i byrjinga planar om å innføre eit meir demokratisk styresett i Irak og tillate eit fleirpartisystem. Lova som skulle tillate fleire parti let likevel vente på seg.

Utanrikspolitisk frykta mange i Vesten at Qasim skulle bli med i Nasser sin Sameinte arabiske republikk, men det vart aldri noko av. Qasim frykta at Irak ville bli dominert av Nasser og Egypt slik som Syria, og ynskte difor gå sin eigen veg. Heilt populært var det ikkje, og det utvikla seg fort spenningar i det nye styret. Etter kuppet følgde maktkampar mellom Arif, nasjonalistar med Ba‘th-partiet på ei side, og Qasim, kommunistar og andre støttesspelarar på andre. Qasim kom først sigrande ut av desse og i februar 1959 vart med-kuppør Arif dømd til døden, sjølv om det aldri vart fyllbyrda og han var slept laus att i 1961. Nasjonalistane vart spelt ut på sidelina, men kom seinare sterkt tilbake.

Flagget til kongedømmet Irak innheldt dei fire arabiske fargane, og varte eitt år inn i den nye republikken Irak. (Frå Wikipedia)

Flagget til kongedømmet Irak innheldt dei fire arabiske fargane, og varte eitt år inn i den nye republikken Irak. (Frå Wikipedia)

Det nye irakiske flagget frå 1959 og symbolet for styret til Qasim. Flagget vart erstatta etter endå eit statskupp i 1963. (Frå Wikipedia)

Det nye irakiske flagget frå 1959 og symbolet for styret til Qasim. Flagget vart erstatta etter endå eit statskupp i 1963. (Frå Wikipedia)

Hausten 1959 forsøkte medlemer Ba‘th-partiet å drepe Qasim, men dei greidde berre såre han og dei heile var ganske so mislukka. Saddam Hussein, då ein ung ba‘thist, var ein av dei som var med på dette attentatforsøket og som måtte flykte til Syria etterpå. Hussein si rolle, der han mellom anna skal ha blitt skoten i låret, vart seinare brukt til å glorifisere Hussein, og brukt i ymse propaganda med romslege omdiktingar.

Attentatforsøket omtalt i Bergens Tidende dagen etterpå 8. oktober 1959

Attentatforsøket omtalt i Bergens Tidende dagen etterpå 8. oktober 1959

Qasim vart etter dette meir paranoid og stramma gradvis inn grepet han hadde om makta. Han støytte frå seg Det irakiske kommunistpartiet (ICP), som som lenge hadde vore av hans mest trufaste støttespelarar, og byrja slå ned på den gryande makta deira. Dette vann det nasjonalistisk-orienterte Ba‘th-partiet på, og i 1963 kjende dei seg sterke nok til å gjennomføre statskupp. Qasim var då ute av stand til å samle folkemassane i sitt forsvar, slik han hadde gjort under revolusjonen i 1958, og mista dimed makta. Etter ein kort rettssak, var han dømd til døden og skoten dagen etterpå. Ein biletserie som stadfesta avrettinga vart vist på irakisk fjernsyn.

Fjernsynet i Irak viste i helgen en billedreportasje fra henrettelsen av Kassem og tre andre fremtredende offiserer. Det fremgår at henrettelsene fann sted klokken 11.40 norsk tid lørdag [9. februar].
— Bergens Tidende, 11. februar 1963
Kommunistavisa Friheten melder 8. februar 1963 at Abd al-Karim Qasim er drepen etter statskupp.

Kommunistavisa Friheten melder 8. februar 1963 at Abd al-Karim Qasim er drepen etter statskupp.

Arif, som Qasim slapp ut av fengsel i 1961 etter ein dødsdom i 1959, tok makta etter statskuppet. Sjølv vart Qasim dømd til døden og avretta med det same. Frå Bergens Tidende 9. februar 1963.

Arif, som Qasim slapp ut av fengsel i 1961 etter ein dødsdom i 1959, tok makta etter statskuppet. Sjølv vart Qasim dømd til døden og avretta med det same. Frå Bergens Tidende 9. februar 1963.

Bak statskuppet i 1963 stod òg hans tidlegare kupp-partner og medhjelpar frå 1958, Abd al-Salam Arif, som sjølv vart president. Då han døydde i 1966 tok broren Abd al-Rahman Arif over. Broren, som døydde i Jordan i 2007, sat til 1968 då Ba‘thpartiet gjennomførte eit nytt statskupp der dei offisielt kom til makta. I 1963 hadde dei berre vore ein del av den nasjonalistiske opposisjonen, medan dei var meir åleine i 1968. Etter det kom Ba‘thpartiet gradvis under kontrollen til Saddam Hussein, som vart president i 1979. Han sat som diktator fram til amerikanarane invaderte Irak i mars 2003.


*Batatu si bok er den einaste boka eg har bestilt som eg har fått levert i sekk av posten.

Alle avisutklipp er henta frå Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Ein kortare versjon av denne teksten vart publisert på gamlebloggen 14. juli 2008.

Bokmelding: «Black Wave»

Bokmelding: «Black Wave»

Norske bøker om Midtausten, 2011–2024

Norske bøker om Midtausten, 2011–2024