Reisebrev frå Stalheim til Palestina

Reisebrev frå Stalheim til Palestina

Konvolutten brevet låg i, adressert til George Antonius, postlagt i Stalheim 14. august 1929

Det er alltid noko forunderleg å kome over spor av Noreg medan ein les kjelder der ein ikkje ventar det. Då eg såg etter saudisk-britiske grenseforhandlingar på 1920-talet i nokre digitaliserte kjelder frå dei israelske statsarkivet, kom eg over eit brev frå Katy Antonius til mannen George Antonius. Det var postlagt i Stalheim, og hadde eit flott og pittoresk brevhovud.

Katy Antonius vitja Noreg i august 1929, og reiste utan mann frå Bergen til Oslo, delvis med tog, via Voss og Gudvangen. På vegen overnatta ho ein dag på Stalheim hotell. Då ho såg brevhovudet på arket, fann ho ut at ho måtte skive til mannen sin, som då arbeidde i Palestina.

For dei som ikkje kjenner til George Antonius (1891–1942), so er det forfattaren av The Arab Awakening: The Story of the Arab National Movement (1938). Det er eit av dei første historieverka om arabiske nasjonalisme. Verket, som tar føre seg det arabiske opprøret i 1916 og følgjande krigsavtalane om oppdelinga av Midtausten, førte til ein god del debatt, og vart mykje brukt som referanseverk.

Antonius var fødd i Dayr al-Qamar utanfor Beirut til ein kristen familie, og arbeidde mellom anna som offentleg tenestemann i Palestina-mandatet. Katy heitte opphavleg Nimr til etternamn. Faren hennar var Faris Nimr, ein libanesisk-egyptisk avismann. Katy og George hadde gifta seg to år tidlegare i 1927, og i Palestina hadde busett seg i nabolaget Sheikh Jarrah i Aust-Jerusalem.

Brevet er skrive på onsdag kveld 14. august 1929, som er litt interessant. Same dag i Palestina arrangerte sionistiske organisasjonar ein demonstrasjon om tilgang til Klagemuren der 6000 deltok. Spenninga i mandatet auka kraftig dei neste dagane, før klagemuropptøyane bryt ut for fullt 23. august 1929, der fleire hundre mista livet (133 jødar og 116 palestinarar). Opphavet bak opptøyane var ei konflikt kring tilgangen og retten jødane hadde til å be ved Klagemuren i gamlebyen i Jerusalem, men den underliggande årsaken var spenningar knytt til arabisk frykt for jødisk innvanding. Dette mest alvorlege opptøyane i mandatet til då, som gav store frampeik til den kommande utviklinga i Palestina. I ettertid var fleire meir kritiske til utviklinga i Palestina enn tidlegare.

Ein britisk kommisjon, den sokalla Shaw-kommisjonen, vart sett ned for å undersøke «the Palestine Disturbances», og fann at opphavet til opptøyane starta kvelden 14. august, same dag og til same tid som Katy Antonius forfatta brevet sitt ved Stalheim hotell.

Morgenbladet melder om samanstøyt ved Klagemuren. Visa kom ut måndag 26. august 1929, men hendingane var basert på telegram frå 24. og 25 august.

Antonius hadde ansvar for arabiske saker («Arab affairs») hjå dei palestinske mandatstyresmaktene. Samanstøyta ved Klagemuren, òg kjendt som Vestmuren, førte til at han kom til å arbeide med muftien av Jerusalem, Hajj Amin al-Husayni, for å roe gemyttane. Året etter sa han opp jobben etter nokre månadar ferie.

Kona skriv i brevet frå Stalheim hotell at George nok ville likt seg godt i Noreg. Voss, der budeiene var kledd i bunad, gjev ho mykje skryt. Ho ynskjer seg attende til Noreg allereie under skrivinga av brevet og vil då ha «darling G.A.» med seg. Det hadde vore interessant å finne ut om dei seinare tok turen, men i dei få kjeldene eg har so er det ingen spor etter eit nytt besøk med mann. Eg prøvde å leite gjennom Nasjonalbiblioteket sitt arkiv, men basert på eit kort og nærmast resultatlaust søk, verkar det som George Antonius har vore og framleis er ein fullstendig ukjent figur i Noreg.

Framsida, med det appellerande brevhovudet til Stalheim hotell.

Baksida.

Nokre kjelder:

  • Shaw-kommisjonen sin rapport: Cmd. 3530 «Report of the Commission of the Palestine Disturbances of August, 1929» (March 1930)

  • Israelske statsarkivet: «Personal letters to George Antonius from Kathy Antonius 1929.»

  • Kort biografi om George Habib Antonius (pdf), ved George Antonius-samlinga i Middle East Centre Archives, St Antony's College, Oxford.

  • Susan Silsby (1986) «George Antonius: The Formative Years» i Journal for Palestine Studies 15(4)

  • Hilde Henriksen Waage (2013) Konflikt og stormaktspolitikk i Midtøsten. (Cappelen Damm Akademisk)

Grunnlaget bak leitinga mi var at George var involvert i etableringa av ørkengrensene mellom Transjordan og saudiske Najd i 1925. Då kongedømet Hijaz stod for fall hausten 1925, sendte britane ein liten delegasjon for å forhandle med Ibn Saud i november 1925. Målet var mellom anna å avklare kvar grensene mellom dei britiske mandata og den kommande saudiske staten skulle gå. George var med som omsetjar og rådgjevar for Gilbert Clayton, den britiske utsendinga. Geroge hadde tidlegare på året intervjua ulike nomadestammane sør i dagens Jordan ofor betre å finne ut kvar grensene kunne gå. Grense kom til å ligge langt ute i ørkenen, der nesten ingen britar hadde vore. George var heller ikkje særleg langt, og heldt seg ved byen Ma’an langs Hijaz-bana.

Spor av utdøydd arabisk struts

Spor av utdøydd arabisk struts

Bokmelding: «Revolutionary Russia, 1891–1991»

Bokmelding: «Revolutionary Russia, 1891–1991»