Då Midtausten kom til Noreg

Då Midtausten kom til Noreg

Når byrja ein eigentleg å bruke «Midtausten» om Midtausten på norsk? Her følgjer ein kort gjennomgang av når denne eurosentriske geografiske nemninga gjorde sitt inntog i Noreg?

I Noreg har Midtausten ofte vore assosiert med konfliktane kring staten Israel og det noko turbulente forholdet med dei arabiske nabostatane, og seinare Israel/Palestina-konflikten. Her til lands var det fort kokt ned til berre «Midtausten-konflikten». Nemninga Midtausten kjem frå engelske «The Middle East», som er eldre enn staten Israel, so når kom eigentleg namnet Midtausten inn i norsk? Dersom ein ser i Store Norske Leksikon eller Wikipedia, so står det ikkje noko om når «Midtausten» kom til i Noreg, og det tenkte eg rydde litt opp i her.

Først kjem det litt om kvar Midtausten er, opphavet til de opphavlege engelske nemninga, og so når det kom til Noreg.

Kvar er Midtausten?

Midtausten er eit relativt nytt namn, og viser i dag til ein noko vagt definert geografisk del av verda. Omgrepet er eurosentrisk og plasserer Midtausten mellom det nære og det fjerne austen, sett frå Europa. Ein har smalare og breiare definisjonar på det, og desse kan variere frå land til land, og frå institusjon til institusjon. Ein smal definisjon i våre dagar, er at Midtausten strekker seg frå og med Iran til og med Egypt, og frå og med Tyrkia og til og med heile den arabiske halvøya. Det samsvarar sånn omlag til den asiatiske og afrikanske delen av Det osmanske riket, pluss Iran.

Kart over ein smal (mørkegrøn), brei (grøn) og endå breiare (lysegrøn) definisjon av «Midtausten», henta  frå Wikipedia.

Kart over ein smal (mørkegrøn), brei (grøn) og endå breiare (lysegrøn) definisjon av «Midtausten», henta frå Wikipedia.

Herifrå kan ein utvide med ulike land alt etter interesse, fagfelt, tradisjonar og liknande. Kvar dei ytre grensene til Midtausten går, om dei i det heile eksisterer, er difor noko vanskelegare å seie. Det blir heller ikkje lettare at Midtausten har vist til ulike delar sidan det oppstod (meir om det under). Somme tider er heile Nord-Afrika inkludert, somme tider ikkje. (Her brukar nokon difor nemninga MENA – Middle East and North Africa) Nemninga har vore i endring sidan den var oppfunne og er flytande og skiftande. Sidan det i tillegg er ei eurosentrisk nemning, har det òg vore ein tendens til inkludere stadar i Midtausten når ein i Vesten har vore interessert i dei på eit eller anna vis. Er, til dømes, Afghanistan ein del av Midtausten? Det at den er eurosentrisk, og om ein burde bruke den i det heile, er annan sak som eg ikkje har tenkt å gå vidare inn i her.

«Vest-Asien og Nil-landene» i dansk atlas, 1857. Her skil kartografen mellom det som skal vere Det osmanske riket og Arabien. Samanliknar ein det med eit kart av nyare dato, er utsnittet rimeleg likt det ein hadde kalla «Midtausten».

«Vest-Asien og Nil-landene» i dansk atlas, 1857. Her skil kartografen mellom det som skal vere Det osmanske riket og Arabien. Samanliknar ein det med eit kart av nyare dato, er utsnittet rimeleg likt det ein hadde kalla «Midtausten».

Områda Midtausten viser til har og har hatt ei rekke ulike andre nemningar. For å konsentrere oss om norsk, so er nokre døme Orienten, Tyrkia, Vest-Asia, Austerland, Forasia, Det nære austen, Nærausten, og liknande. Ei populær nemning var «Den nære orient», som Anton Mohr, handelshistorikar og seinare geograf, kalla regionen i Kampen om oljen (1925). Desse overlappar somme tider, og somme tider ikkje. På eit dansk kart frå 1857, til dømes, var det vi i dag ville kalla Midtausten gruppert som «Vest-Asien og Nil-landene». Her kjem eg til å konsentrere meg om «Midtausten».

Eg baserer meg på Nasjonalbiblioteket sine søkemotorar, har eg i hovudsak sett etter fire ulike skrivemåtar: Midtausten, Midt-Austen, Midtøsten og Midt-Østen. Eg har til tider inkludert «Midtre Østen». No er det slik at søkemotoren til Nasjonalbiblioteket ikkje er heilt perfekt, spesielt når det kjem til gotisk skrift og dårleg trykk. Den finn ikkje alltid alt det ein leitar etter, og det er difor sjølvsagt fullt mogleg at den har hoppa over ymse tilfelle av tidlegare bruk enn det som kjem fram her. Eit døme her er at første gong den nynorske nemninga kjem opp i søk, so viser det til ordet «indtægten», ikkje «Midtausten» (Nordenfjeldsk Tidende, onsdag 30. mai 1917). Sei difor veldig gjerne ifrå dersom du kjem over bruk av nemninga før det som kjem fram her.

Opphavet til The Middle East

Det er fleire som har vorte peikt på som opphavsmenn til omgrepet, mellom anna briten Thomas Edward Gordon i ein artikkel frå 1900, og amerikanaren Alfred T. Mahan i 1902, men desse var mest truleg berre med på å spre nyordet, om vi skal tru historikaren Daniel Foliard i Dislocating the Orient (2017). Han har klart å spore namnet attende til 1895, og meiner det eksisterte i amerikanske diplomatiske sirklar på slutten av 1890-talet. Sjølve namnet har mest truleg opphav i den britiske administrasjonen i India, som Thomas E. Gordon over høyrde til. Noko av grunnen til at ein fann opp Midtausten var nok aukande britisk interesse for områda mellom Britisk India og Europa, som inkluderte Persia, delar av den arabiske halvøya og Persiabukta. Det var rett nok, som Foliard påpeiker, eitt av fleire namn i omløp som overlappa geografisk.

The Middle Eastern Question var basert på reportasjar Chirol hadde skrive som både leiar for utanriksavdelinga og korrespondent for The Times, i 1902–1903.

The Middle Eastern Question var basert på reportasjar Chirol hadde skrive som både leiar for utanriksavdelinga og korrespondent for The Times, i 1902–1903.

Nemninga «The Middle East» vart popularisert i ulike etapper. Først i 1903, med journalisten Valentine Chirol si bok The Middle Eastern Question, or Some Political Problems of Indian Defence. Eit kart over Midtausten var trykt på framsida som definerte regionen geografisk. Denne definisjonen er noko lengre aust enn det som er vanleg i dag og inkluderer ikkje det smale Midtausten over. Middle East fekk seinare ein ny boost etter første verdskrig, då Storbritannia hadde slått det osmanske riket og no kontrollerte store delar av dei arabiske delane. I ymse britiske departement vart nemninga brukt i aukande grad. Dei byrja allereie i 1921 å ta i bruk «the Middle East» formelt med opprettinga av eit nytt «Middle East Department» som etter mykje krangling var tilknytt det britiske kolonidepartementet (CO) framfor utanriksdepartementet (FO). Nykomlingen fekk ansvar for Mesopotamia (Irak), Palestina, Transjordan, Arabia og Aden. Winston Churchill vart koloniminister og kalla inn til den viktige «Midtausten-konferansen» i Kairo og Jerusalem i mars 1921 for å definere britisk Midtausten-politikk. Det er likevel først med andre verdskrig og etableringa av Israel at omgrepet kjem i mykje vidare og breiare bruk. Det blir ei vanleg kjend geografisk nemning frå 1948.

Britisk rapport om «Midtaustenkonferansen» i Kairo og Jerusalem i mars 1921. Denne er betre kjend som «Kairo-konferansen».

Britisk rapport om «Midtaustenkonferansen» i Kairo og Jerusalem i mars 1921. Denne er betre kjend som «Kairo-konferansen».

Fokuset her er likevel ikkje opphavet til den engelske nemninga, men når og på kva måte det fann vegen til Noreg og norsk presse.

«Midt-Østen» kjem til Noreg

Første dokumenterte bruk på norsk i Noreg, er å finne i Morgenbladet 16. januar 1908, i artikkelen «Mennesket og Universet» av bergensaren Carl Joachim Hambro (artikkelen er signert C. J. H.). Hambro kjem òg med ein definisjon av Midtausten, nemleg «Indien og Centralasien», noko som samsvarar godt med kartet til Chirol. Nemninga har Hambro her omsett frå engelsk. [*Mykje takk til twitterbrukaren Petter @framferd for artikkelen.]

Først ute med «Midt-Østen» var C. J. Hambro i Morgenbladet, torsdag 16. januar 1908

Først ute med «Midt-Østen» i Noreg var C. J. Hambro i Morgenbladet, torsdag 16. januar 1908

«Mellem-Orienten» i Bergens Annonce Tidende, 15. juni 1921.

«Mellem-Orienten» i Bergens Annonce Tidende, 15. juni 1921.

Det såg ikkje ut til at nemninga festa seg særleg, og det tok ti år før Morgenbladet nytta «det midtre Østen», under overskrifta «horder av afrikanere» i artikkelen «General Smuts om Afrikas fremtid» den 31. januar 1918. Heilt stringent var dei ikkje, og den 20. januar 1920 viste Morgenbladet berre til «det saakaldte ‘Middle east’» utan omsetjing. I løpet av 1920-talet ser det ut til at det er denne «det midtre østen» som er mest i bruk, særskilt kring omtalen av britisk politikk i regionen i 1921. Basert på treff i Nasjonalbiblioteket, ser det ut som at denne nemninga er meir i bruk enn variasjonar av «Midtausten». «Midtre Østen» når eit toppunkt på 1940-talet, før bruken synk raskt, erstatta av Midtausten. Det dukkar likevel framleis opp i ny og ne. Ei anna nemning som surra omkring i norske aviser frå kring 1911 og fram til ein gong på 1950-talet, var «Mellom-Orienten», men det tok ikkje heilt av.

Aftenposten_middle-east_22.2.1921.jpg

Oppretting av det britiske «Middle East Department», nemnd over, vart dekka i norsk presse. Aftenposten vart i februar 1921 ikkje heilt kloke på dette namnet, og omsette det til norsk som «departementet for den nære orient». Sjølve «den administrative nyskabelse» omtalte avisa som merkeleg.

Det var ikkje den 26. november 1928 at «Midt-Østen» dukkar opp att, denne gongen i avisa Nationen. I artikkelen «I Sudans bakerovn» har ein omsett eit sitat frå engelsk der det blir referert til «Midt-Østen»: 

«I Sudans bakerovn», Nationen, 26. nov 1928

«I Sudans bakerovn», Nationen, 26. nov 1928

«Europas fremtid ligger i Sudan, i Central-Afrika og i visse land i Midt-Østen. Bare en utflytning i stor stil til det sorte kontinent kan befri Europa fra de nuværende økonomiske vanskeligheter.»

Her har dei nok omsett «The Middle East» direkte, og det meste av bruk i Noreg fram til andre verdskrig er truleg i all hovudsak omsetjingar frå engelske nyhende og bøker. Bruken er sporadisk, og det går fleire gongar år mellom kvar bruk i avisene. Etter bruken i Nationen, dukkar det til dømes opp aviser i 1929, 1930, 1934 og 1939.

Første gong nemninga dukkar opp i bokform, er som «Midtre Østen» i Vidkun Quisling si bok Russland og vi i 1930, på Jacob Dybwads forlag. Første gang det er skrive som «Midtøsten», derimot, er i Skjebnetimen av journalisten Richard Freund. Boka er ei omsetjing av Zero Hour (1936) utgjeven av Gyldendal i 1937. Nemninga blir elles brukt som tittel på ei bok i 1948 for første gong med Midtøsten av britiske journalisten Henry V. Morton, utgjeven av Lutherstiftelsens forlag. Den engelske utgåva var opphavleg trykt i 1941.

Først på nynorsk: Sunnhordland, 6. juni 1941

Først på nynorsk: Sunnhordland, 6. juni 1941

Diverre for målsaka, so var ein seinare ute med å omtale området som «Midtausten», og det trass i at avisen Den 17de Mai var ein aktiv førar av utanriksstoff fram til midten av 1930-talet. «Midtausten» vart først brukt av avisa Sunnhordaland under krigen, den 6. juni 1941. Avisa viste til ei NTB-melding om at Frankrike og England kanskje kom til å gå til krig mot kvarandre i Midtausten. Akkurat denne meldinga viste seg å vere korrekt, sidan britane invaderte fransk Syria same sommaren. Sidan blir «Midtausten» nemnd sporadisk tre gongar før det slår gjennom for fullt i 1948. I bokform dukka «Midt-austen» første gong opp i ei bok på bokmål av alle ting, i Håkon Evjenth si bok om Winston Churchill i 1945, Han som reddet verden (Gyldendal forlag). Første bruk på ordentleg nynorsk er i Eirik Stoveland si 1952-bok Lever vi i endetida? frå Salvesen Forlag.

Sjølv om det finst sporadisk bruk av Midtausten før 1945, so er det ikkje før etterkrigstida at nemninga slår gjennom i Noreg. Frå 1948 og seinare blir det vanleg å sjå den i bruk i dei fleste aviser. Det har nok noko å gjere med eit auka fokus på regionen med opprettinga av staten Israel i 1948, påfølgjande krigane, oljefunn og so vidare. Korleis bruken aukar drastisk etter det, kan ein sjå på denne avsluttande oversikta:

Aukande bruk av variasjonar «Midtausten» på båe målformer. Henta frå Nasjonalbiblioteket.

Aukande bruk av variasjonar «Midtausten» på båe målformer. Henta frå Nasjonalbiblioteket.

Kva so med Mellomausten og Midausterland?

I nabolanda våre kallar ein Midtausten for Mellemøsten og Mellanöstern, so kvifor heiter det då ikkje Mellomausten på norsk? No er Mellomausten/Mellomøsten i bruk på norsk, men nemninga ser ikkje ut til å ha slått like godt gjennom. Det kan vere fordi Midtausten kom først i bruk. Bruken av Mellomausten har elles vore liten, sjølv om den har gått parallelt med Midtausten fram til våre dagar. Medan «Midtøsten» har klokka inn titals tusen bruk i tiåret, har «Mellomøsten» hatt berre eit titals. Den har vore lite i bruk på nynorsk, men det kan vere verdt å merke seg at nær halvparten denne bruken er frå nyare tid (siste 15 åra). Avisa Sogn og Fjordane var først ute på nynorsk i 18. august 1950, men nok ein gong måtte nynorsken sjå seg slått av bokmålet. Avisa Hamar Arbeiderblad brukte «Mellom-Østen» so tidleg som 2. mars 1940. Sist nokon brukte nemninga «Mellom-Østen» var forresten i Klassekampen 25. august 2020.

Kva skilnaden var på det nære Østen og Mellom-Østen ser ikkje ut til å ha vore heilt klår på 1940-talet, slik som det kjem fram av denne artikkelen om Maxime Weygand, den tidlegare høgkommissæren av fransk Syria (1923–1924). Frå Arbeiderparti-avisa …

Kva skilnaden var på det nære Østen og Mellom-Østen ser ikkje ut til å ha vore heilt klår på 1940-talet, slik som det kjem fram av denne artikkelen om Maxime Weygand, den tidlegare høgkommissæren av fransk Syria (1923–1924). Frå Arbeiderparti-avisa 1ste Mai, 4. mars 1940

På islandsk heiter Midtausten Mið-Austurlönd, medan det på færøysk ligg nærmare norsk med Miðeystur. Austerland var ei vanleg norsk nemning før på Orienten og Austen generelt, so det hadde ikkje vore heilt unaturleg å slenge på ein «Mid-». På norsk var det likevel berre nokre mikroskopiske forsøk, i 1946 og 1959, på å bruke nemninga «mid-austerland», «midaust-landa» og «midt-austerland». Om slår bruken av desse saman, so blir dei berre tre i talet, og to av dei på same side. Sidan dei er so få, får eg plass til alle tre her:

Kart over «midaust-landa» i Eiliv Skard si Verdshistorie (1959). Utgjeven av Aschehoug forlag.

Kart over «midaust-landa» i Eiliv Skard si Verdshistorie (1959). Utgjeven av Aschehoug forlag.

Frå side 307 i Eiliv Skard si Verdshistorie (1959).

Frå side 307 i Eiliv Skard si Verdshistorie (1959).

Omtale av «mid-austerland» i Agder Flekkefjords Tidende, 27. desember 1946.

Omtale av «mid-austerland» i Agder Flekkefjords Tidende, 27. desember 1946.

Det kome fleire bøker i Noreg som siktar seg inn på Midtausten, men det er – alt etter korleis ein tel – berre kring 10–13 bøker som har «Midtøsten» som hovudtittel. På nynorsk er det berre ei, som òg finst på bokmål.

Kort oppsummert

Midtausten vart først brukt på norsk i januar 1908 av C. J. Hambro. Frå 1918 av og fram til slutten av 1940-talet var det i sporadisk bruk, vekslande mellom Midtausten og «Midtre Østen». Populariseringa av namnet Midtausten aukar kraftig frå og med 1948.

Kjelder

Frå den Persiske Fiord til Persiabukta

Frå den Persiske Fiord til Persiabukta

Føredrag: Jordan i Midtausten

Føredrag: Jordan i Midtausten