Frå den Persiske Fiord til Persiabukta

Frå den Persiske Fiord til Persiabukta

Ulike namn og stavingar på norsk

  • Persiabukta/Persiabukten

  • Den persiske bugt/bukt

  • Den persiske havbugt

  • Det persiske hav

  • Persiavika/Persiaviki

  • Den persiske vik/vika/viken

  • Den persiske golf/gulf

  • Persiagulfen/Persiagolfen

  • Gulfen/Golfen

  • Den arabiske bugt/bukt

  • Den arabiske golf/gulf

  • Araberbukten

  • Arabiabukten

  • Den iranske gulf/bukt

  • Iranbukta/Iranbukten

Ein vanleg floskel er at eit kjært born har mange namn, og det same kan ein vel seie om Persiabukta. Dersom ein les og høyrer om staden på norsk, dukkar det opp eit utal av ulike nemningar for dette havområdet. Det gjer det somme tider vanskeleg å vite korleis ein skal omtale staden.

Nokre nemningar eg har funne på norske er Den persiske havbugt, Persiabukta, Den persiske gulf, Golfen/Gulfen, og so det mindre kjende: Perisaviki. Eit meir kontroversielt namn er Den arabiske gulf og andre nemningar som omtalar bukta som arabisk. Nemninga er noko knytt opp mot arabisk nasjonalisme. Ein kan strekke analysen noko langt og sjå på namnekrangelen som ein del av rivaliseringa mellom Iran og Saudi-Arabia om herredømme og påverknad i Midtausten og omegn. Her har forresten tyrkarane omgått heile problemet, og kallar det berre for Basra Körfezi, Basra-bukta, etter byen Basra inst i bukta.

«Basra-bukta» – Baṣra Körfezi – på eit osmansk kart frå 1896. Ein ser Qatar og Bahrain nede til høgre, og Basra oppe til venstre. Frå David Rumsey si kartsamling.

«Basra-bukta» – Baṣra Körfezi – på eit osmansk kart frå 1896. Ein ser Qatar og Bahrain nede til høgre, og Basra oppe til venstre. Frå David Rumsey si kartsamling.

Fleire forskarar føretrekk berre å referere til det som «Gulfen/Golfen», sjølv det er nokre andre gulfar omkring på kloten. Ein omgår då heile problemet og slepp dimed å gjere nokre folk, som har sterke meiningar om bukta er arabisk eller persisk, sure. Gulfen viser òg då til noko meir enn berre havområdet, og fungerer meir som eit geopolitisk konsept. Gulf-studium kling kanskje betre enn Persiabuktastudium. Nokre gongar skriv ein berre golfen/gulfen med liten bokstav, men i kva grad det er medvite, veit eg ikkje.

Uansett, so er det ulik bruk og meiningar om nemningane, på ulike språk. Eg tenkte difor her fokusere hovudsakleg på korleis ein har vist til staden i norske aviser og bøker over tid. Kva har ein kalla staden på norsk, og (korleis) har bruken endra seg? Her har eg i all hovudsak brukt Nasjonalbiblioteket som kjelde.

den Persiske Fiord

Går vi eit stykke tilbake i tid, til Den almindelige Natur-Historie, i Form av et Dictionnaire, ei dansk omsetting av ei fransk bok i 1768, finn vi namnet «den Persiske Fiord» for Persiabukta.

«den Persiske Fiord»: Den almindelige Natur-Historie, i Form av et Dictionnaire : Tredie Tome (1768) Trykt hos T. L. Borup, boende i store Helliggeist-Stræde, 1768. Boka er skriven av Jacques-Christophe Valmont de Bomare, og omsettinga er av Hans vo…

«den Persiske Fiord»: Den almindelige Natur-Historie, i Form av et Dictionnaire : Tredie Tome (1768) Trykt hos T. L. Borup, boende i store Helliggeist-Stræde, 1768. Boka er skriven av Jacques-Christophe Valmont de Bomare, og omsettinga er av Hans von Aphelen.

Det verkar som «fjord» var ei populær nemning på 1700-talet, òg for Raudehavet. Sjølv om det står «det røde Hav» i teksten over, meinte ein viss Christian Sommerfeldt i Geographie til Ungdommens Brug frå 1785 at «den Arabiske Fiord» var eit betre alternativ for oss her i nord. Det ser derimot ikkje ut som det slo an, sjølv ikkje for Sommerfeldt sjølv, som brukte «den Persiske Havbugt» i staden for «Fiord» på ei annan side.

I den geografiske skildringa av Arabia, blir Raudehavet omtalt som «den Arabiske Fiord» av Christian Sommerfeldt i 1785. På side 272 i Geographie til Ungdommens Brug.

I den geografiske skildringa av Arabia, blir Raudehavet omtalt som «den Arabiske Fiord» av Christian Sommerfeldt i 1785. På side 272 i Geographie til Ungdommens Brug.

Heilt konsekvent er ikkje den godaste Sommerfeldt. Berre nokre sider seinare snur han om på det heile og brukar både «det røde Hav» og «Den Persiske Fiord»:

Sommerfeldt skildrar Asia, i eit vedlegg til Geographie til Ungdommens Brug  (1785), og nyttar fjord, hav og bukt.

Sommerfeldt skildrar Asia, i eit vedlegg til Geographie til Ungdommens Brug (1785), og nyttar fjord, hav og bukt.

Persiaviki, det grøne havet

Ei mindre kjend nemning på norsk har vore «Persiaviki», som ser ut til å ha først blitt brukt av Julius Gude i Lærebok i landkunna frå 1889. («den Persiske Vik» vart rett nok brukt i Fedraheimen i 6. april 1878) Her omtalar han òg vika som «grøne havet», som kanskje står i ein motsetnad til Raudehavet. Ifølgje ein artikkel i Tromsøposten 18. april 1888, er det grunna fargen på algane i havet. I denne artikkel skil forfattaren mellom «Den arabiske havbugt», som er Raudehavet, og «Den persiske havbugt», som har meir grønfarge.

Grønehavet i Lærebok i landkunna, 1889.

Grønehavet i Lærebok i landkunna, 1889.

Om havalgar, «med de smukkeste farver», i Tromsøposten, 18. april 1888

Om havalgar, «med de smukkeste farver», i Tromsøposten, 18. april 1888

Omtale av føredrag om «Eventyrstaten Kuwait» i avisa Hardanger  laurdag 10. mars 1956

Omtale av føredrag om «Eventyrstaten Kuwait» i avisa Hardanger laurdag 10. mars 1956

Det ser diverre ut som «Persiaviki» i stor grad gjekk av moten på 1930-talet, men mykje i bruk var det aldri. Med litt hovudrekning verkar det som at «Persiaviki» har vore brukt heile 41 gongar (sist i 1962) i trykte norske medium, medan «Persiavika» berre har vorte brukt 32 gongar (sist i 1971). «Den persiske vika» var i bruk kring 46 gonger (sist i 1975). Med en-ending, «Den persiske viken», finn vi berre 23 tilfelle, då sist i 1990. Ein annan mindre populær, men lengstlevande variant, har vore «den Persiske Vik», som har vore brukt heile 13 gongar mellom 1878 og 2005. Siste avis ut var Fredriksstad Blad 28. juli 2005. Til saman blir det ein 155 tilfelle av å omtale staden som vik, dei aller fleste på nynorsk. På svensk, derimot, ser det ut til at namnet fekk betre gjennomslag, og Persiska viken er i dag det mest vanlege namnet på Persiabukta. Islendingane går som vanleg sin eigen veg og kallar det Persaflói, der flói er ei brei vik, som då på norsk blir bukt.

«Persiaviki» på kart frå 1928-utgåva av Landkunne i folkeskulen.

«Persiaviki» på kart frå 1928-utgåva av Landkunne i folkeskulen.

Iranbukta

Utsnitt av tysk skulekart frå midten av 1960-talet der Persiabukta er omtalt som «Golf von Iran». Dette skulekartet har i si tid vore i bruk i norsk skule.

Utsnitt av tysk skulekart frå midten av 1960-talet der Persiabukta er omtalt som «Golf von Iran». Dette skulekartet har i si tid vore i bruk i norsk skule.

I 1935 skifta Persia namn til Iran, og med dukka det opp nokre nye måtar å skrive Persiabukta på i norske aviser. Strengt talt bytta ein berre ut persiske og Persia med iranske og Iran. Eit kort søk på ulike stavingar av Iranbukta/en og Den iranske bukt/gulf enda på kring 123 treff. Dei aller fleste av desse frå perioden 1939–1951, og meir sporadisk etter det.

Persiabukta, Den persiske gulf

Dei mest brukte nemningane er dei som viser til bukt eller gulf. Desse har vore brukt mykje omeinannan. Ulike versjonar har trenda til ulike tider alt etter kva nyhende som har dominert i avisene.

Av andre namn so hadde «Den persiske bukt» sitt brukshøgdepunkt i aviser på 1950-talet. «Den persiske gulf» tok over trona på 1960- og 1970-talet, medan «Persiabukta» vart mest vanleg på 1980-talet. «Gulfen» derimot har halde på jamnt og trutt sidan 1950-talet.

Under følgjer nokre søkstreff frå Nasjonalbiblioteket på dei mest brukte nemningane (og dei ulike måtane å stave det på): Den persiske bukt, Den persiske gulf, Den arabiske gulf og Persiabukta. (Sidan Gulfen/Golfen kan vise til so mykje ymse tok eg det ikkje med)

Den persiske bukt

Etterkrigstida og fram til ut på 1960-talet er «den persiske bukt» mest i bruk i norske aviser. Det er eit tid når ein i aukande grad byrjar eksportere olje frå regionen, og det er nokre grensekonflikter mellom det seinare Sameinte arabiske emiratane, som då var ei gruppe protektorat under Storbritannia, og Saudi-Arabia. Den største konflikten var om Buraimi-oasen på 1950-talet.

Ein gjesteartikkel i Haugesund avis fredag 4. november 1955 – «Fra Mesopotamiens floder til Haugesund» – omtalar den Persiske Bukt, som nokon har høyrd so mykje om.

Ein gjesteartikkel i Haugesund avis fredag 4. november 1955 – «Fra Mesopotamiens floder til Haugesund» – omtalar den Persiske Bukt, som nokon har høyrd so mykje om.

Avisa Sogn og Fjordane forklarar bakgrunnen for konflikten om Buraimi-oasen, frå onsdag 31. juli 1957 under overskrifta «Kampen om olja i Arabia»

Avisa Sogn og Fjordane forklarar bakgrunnen for konflikten om Buraimi-oasen, frå onsdag 31. juli 1957 under overskrifta «Kampen om olja i Arabia»

Den persiske bukt i aviser

Den persiske bukt i aviser

Den persiske bukt i bøker

Den persiske bukt i bøker

Den persiske gulf

Den persiske gulf er i bruk samstundes med Den persiske bukt, men har eit noko mindre, om enn lengre liv i avisene. Bruken sluttar brukt i overgangen til 1980-talet.

Avisa Sogn og Fjordane skriv om Piratkysten måndag 5. desember 1960.

Avisa Sogn og Fjordane skriv om Piratkysten måndag 5. desember 1960.

Den persiske gulf i aviser

Den persiske gulf i aviser

Den persiske gulf i bøker

Den persiske gulf i bøker

Den arabiske bukt eller gulf

Avisa Gjengangeren omtalar Raudehavet som «den arabiske bukt», måndag 20. oktober 1947

Avisa Gjengangeren omtalar Raudehavet som «den arabiske bukt», måndag 20. oktober 1947

Omtalar av bukta som arabisk har det ikkje vore so mykje av i norske aviser og bøker. Nokre feilmarginar er det rom for her òg, der nemningar som «Araberbukta» og «Den arabiske bukt» kan vise til andre havområde. I fleire aviser på 1800-talet er «Den arabiske havbugt» eit anna ord på Raudehavet, eit framhald av Sommerfeldt sin «Arabiske Fiord» over. I Hans Reusch si Geografi-noka frå 1932 er «Arabiabukten» noko anna enn Persiabukta. Han viser nok mest sannsynleg då til Omanbukta, bukta før ein seglar inn i Persiabukta.

Det arabiske Raudehavet og den persiske bukta i eit kart frå Atlas antiquus danvillianus, publisert i 1784.

Det arabiske Raudehavet og den persiske bukta i eit kart frå Atlas antiquus danvillianus, publisert i 1784.

Den brå auken i bruk skuldast nok mest sannsynleg oljekrisa i 1973, der mange arabiske land med olje skrudde opp oljeprisen i protest mot at fleire vestlege land støtta Israel under Yom Kippur-krigen i oktober 1973.

Den arabiske bukt/gulf i aviser

Den arabiske bukt/gulf i aviser

Den arabiske bukt/gulf i bøker

Den arabiske bukt/gulf i bøker

Persiabukta

Den seinaste nemninga er då Persibukta, som brått kjem på 1980-talet, då mest i samband med Iran-Irak-krigen og bombinga av ulike oljetankarar, kjent som «tanker war». Denne har Mikal Olsen Lærøen nyleg skrive ei god og personleg bok om, Pappas siste reis – norske krigsseilere i Persiabukten på 1980-tallet (2019).

Persiabukta i aviser

Persiabukta i aviser

Persiabukta  i bøker

Persiabukta i bøker

Kva er so rett?

Dei fleste nemningane er framleis i bruk i dag, om enn i ulikt omfang. Språkrådet prøvde å klargjere bruksforvirringa i januar 2012. Det korrekte ordet er ifølgje dei Persiabukta, på både nynorsk og bokmål, og dei kom med denne forklaringa:

Persiabukta

Persiabukta, Persiagolfen, Den persiske gulf eller Golfen/Gulfen? Hva er riktig å skrive?

I nyhetene de siste dagene har det vært en del snakk om Irans marineøvelse ved Hormuzstredet ved innløpet til Persiabukta. Vi ser og hører at denne havarmen opptrer under ulike navn: Persiabukta, Persiagolfen, Den persiske gulf, Golfen/Gulfen.

Hva er så riktig? Det offisielle norske navnet på havområdet er Persiabukta, på bokmål kan man også bruke Persiabukten eller Den persiske bukt.

Gulfen er påvirkning fra engelsk. Persiabukta heter Persian Gulf eller Arabian Gulf på engelsk.

Den persiske gylf i beste sendetid

Til slutt er det vel verdt å nemne ordspelet «den persiske gylf» som surra omkring i ymse avisern. «Bare kødd i den persiske gylf» som Bergens Arbeiderblad skreiv det i fjasespalta «Tvist-dotten» onsdag 11. mai 1988.

Ein finn elles denne gylf-historia frå NRK P1 i klassikaren Vitser for enhver anledning. Bind 2: Enda flere vitser for enhver anledning:

Den persiske gylf i beste sendetid i Gunnar Pedersen (1995) Vitser for enhver anledning. Bind 2: Enda flere vitser for enhver anledning

Den persiske gylf i beste sendetid i Gunnar Pedersen (1995) Vitser for enhver anledning. Bind 2: Enda flere vitser for enhver anledning

Norske bøker om Midtausten, 2011–2024

Norske bøker om Midtausten, 2011–2024

Då Midtausten kom til Noreg

Då Midtausten kom til Noreg